Årets konferanse tek for seg samanhengen mellom traume og utanforskap, og programmet er no klart.

Det er Elisabeth Harnes som er leiar av årets konferansekomitè:

– Det å oppleve utanforskap vert gjerne skildra som at ein kjenner seg framandgjort, ikkje anerkjent og tilsidesatt, seier ho. – Dette er forbunde med skam, sosial isolasjon, kronisk stress og traume. Å ha trygge, nære og varige relasjonar er dermed ein uvurderleg beskyttande faktor. Godt identitetsarbeid, kultursensitivitet, sosial støtte og fellesskapskjensle er beskyttande faktorar som fremjer inkludering og motstandsdyktighet både på samfunnsplan og i det praktiske og kliniske arbeidet.

– Vi håpar at deltakarane vil erfare ein raud tråd gjennom heile konferansen, som startar med foredraget: «Først er relasjonen». Konferansens andre dag vert avslutta med foredraget «Sist er relasjonen». Relasjonen er både det viktigaste verktøyet og sterkaste motstandskraften i arbeidet med å førebygge utanforskap.

– Fleire foredrag inviterer deltakarane inn i ein fleirkulturell verkelegheit- og kastar lys over tema og kontekstar som er viktig å ha kunnskap om, for å førebygge polarisering samt fremje sosial inkludering og likeverdige helsetenester.

– Både nasjonale og internasjonale ekspertar på feltet bidreg med ny inspirasjon, breiare fenomen- og prosessforståing, auka sensitivitet og handlekraft når det gjeld samanhengen mellom traume og utanforskap.

– Vi er stolte av å presentere programmet, og ser fram til ein spennande og lærerik konferanse, avsluttar ho.

Print Friendly, PDF & Email
Facebooktwittermail