Septemberkonferansen 2017

Septemberkonferansen 2017 hadde tittelen «Traumer og smerteuttrykk – Når symptomer og atferd er mestring av vonde erfaringer». Konferansen rettet fokus mot hvordan symptomer og atferd kan forstås som forsøk på å håndtere den overveldende smerten forbundet med traumatiske belastninger.

Septemberkonferansen 2016

Tema var Komplekse traumer: Felles forståelse, felles innsats. Septemberkonferansen 2016 presenterte den nyeste kunnskapen vi har om forståelse og arbeid med komplekse traumer.­ Hva vet vi om hva som er til hjelp, og hvordan kan vi hjelpe helt konkret? Fokus var på god praksis i terapi og i andre tjenester for barn, unge og voksne. Alle de fem RVTS’ene samarbeidet om dette konferansen.

 

Septemberkonferansen 2015

Septemberkonferansen 2015 hadde fokus på kva betydning det psykososiale oppfølgingsarbeidet kan ha for å sikre at ramma etter kriser og katastrofar vert gjeve naudsynt hjelp og støtte til å handtere det dei har opplevd.

Oppfølgingsarbeidet har som mål å fremje meistring i akutt fase, oppretthalde sosial fungering og bidra til at reaksjonar og symptomar vert dempa. Intensjonen er å førebygge framtidige helse- og/eller sosiale problem og bidra til god livskvalitet på sikt. Nærare 400 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2014

I 2014 var temaet Traumer og krenkaren. Å leve med store og vedvarande belastningar kan gje mange utslag, og for nokon kan det mest synlege utslaget vere utfordrande, krenkande og skremmande åtferd. Nyare kunnskap på traumefeltet gir viktige innspel til korleis ein
kan utforme tiltak kring personar med ein slik bakgrunn. Septemberkonferansen 2014 set søkelyset på balansen mellom behovet for hjelp og ansvaret for eigne utfordrande og krenkande handlingar, og på korleis ulike tenester kan jobbe i dette spenningsfeltet. 230 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2013

I 2013 var temaet “Traumer og regulering”. Regulering har blitt eit nøkkelbegrep når det gjeld forståing, kartlegging og tiltak på traumefeltet. På Septemberkonferansen 2013 vil framtredande internasjonale og nasjonale fagpersonar setje lys på relevansen av begrepet for arbeid med diagnostikk og traumebehandling generelt, og innanfor områder som aggresjon, rus, sjølvskading og spisevanskar spesielt. 220 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2012

I 2012 var det tabua som omgjev oss som var fokus. “Eg veit, eg ser, eg vågar – frå tabu til kunnskapsbasert handling” var tittelen. 100 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2011

I 2011 var temaet “Traumer i forkledning – mennesket bak diagnosen”, og hadde fokus på forståing av mennesket bak diagnosen. 250 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2010

I 2010 var hjelparen i fokus, med tittelen Ein krevjande jobb – hjelp til hjelparen. Konferansen handla om konsekvensar som kan kome av å ha krevjande arbeidsoppgåver, og korleis ein kan ta vare på seg sjølv og andre i arbeidet. 250 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2009

I 2009 var Kropp og traumer tema, og fokus var samanhengar mellom kropp og sinn, fysiske/kroppslege tilnærmingar til arbeid med traumatiserte, samt samtale og psykososialt-baserte tilnærmingar. 250 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2008

I 2008 hadde Septemberkonferansen tittelen Når barndomserfaringer blir risiko og nye relasjoner gir vekst. Om tilknytning, traumer og hjerneorganisk utvikling, og fokuserte på tilknytning som beskyttande faktor, og korleis omsorg og omsorgssvikt kan påverke tilknytning og utvikling.Denne gongen var konferansen i samarbeid med den gong RBUP Vest og BUFetat Vest. 300 fagfolk deltok.

Septemberkonferansen 2007

Vi starta i 2007 med tittelen Når traumer ikke kan telles. En flerfagligkonferanse om arbeid med mennesker utsatt for komplekse traumer. Konferansetemaet gjenspegla det sterkt aukande fokuset på kompleks traumatisering, i tydinga vedvarande traumatisk stress, som kjelde til fleire av dei tyngste vanskane hjelpetenestene møter. 450 fagfolk deltok.