OM SEPTEMBERKONFERANSEN

Septemberkonferansen har vore arrangert kvart år sidan RVTS Vest starta opp i 2006.

RVTS Vest er eit ressurssenter for fagfolk i region vest på temaområda vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging.

Konferansen tek alltid sikte på å ha ei fagleg breidde som inkluderer både overordna perspektiv og konkret handlingskompetanse i arbeid med valds- og overgrepsutsette, utøvarar, flyktningar og sjølvmordstruga. RVTS Vest ønskjer på denne måten å nå ei tverrfagleg målgruppe, som omfattar fagpersonar og ressurspersonar på alle nivå i tenesteapparatet og innan alle etatar, samt innan frivillige organisasjonar.

Besøk RVTS Vest sine nettsider

AKTUELT